Olympic Shipping stadfestar opsjon for levering av eit fleirbruks plattformservicefarty ved Kleven Maritime 13.01.2011

Olympic Shipping har stadfesta ei kontrakt med Kleven Maritime om levering av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6015 frå Marin Teknikk. Fartyet skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik, leveringsdato er sett til 20. juni 2012. Marin Teknikk AS har dermed sikra leveranse av design & engineering til endå eit av det nyutvikla MT6015 MPSV designet.

Fartyet vert det andre av to like farty, der det fyrste vart kontrahert i august 2010. Det er no ein opsjon til denne kontrakten som vert stadfesta.

Fartya representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattformservicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartyet vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC – NOFO) vil auke attraktiviteten i marknaden. Dødvekta er på om lag 4 800 tonn, lengda 93,8 meter, breidda 20 meter og dekksarealet er på 1 060 m2. Fartyet har stor innreiing med plass til 60 personar og skroget er forsterka med lett isklasse (Ice C). MT 6015 blir bygd etter den nye SPS koden og inneheld innretningar som gjer fartyet I tillegg svært eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag.

Kontraktane vil medføre store leveransar frå mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske Teknikk og Rolls-Royce Marine. Kontraktsverdien er på NOK 385 mill pr skip.

For meir informasjon vennligst kontakt:

Svein-Rune Gjerde – Manging Director – mobile 91189888
Richard K. Gjerde – Sales Manager – mobile 90208014