Marin Teknikk styrkar leiinga og tilset nye medarbeidarar

Marin Teknikk AS. Ship Design and Engineering.

Inge-Jonny Hide er med verknad frå 1. november tilsett som administrasjonssjef i Marin Teknikk. Det er ei nyoppretta stilling der målet er å styrke leiarkapasiteten i selskapet.

-Vi er glade for å ønskje Inge-Jonny om bord til oss her i Dragsund og ser fram til å kunne gjere bruk av hans breie kompetanse både frå dei indre ulike fagområda i ei verksemd spesielt og erfaringar frå den maritime industrien generelt, seier dagleg leiar Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk.

Frå ulike posisjonar har Inge-Jonny leiarerfaring både innanfor kommunikasjons-, sals- og marknadsarbeid og frå personal og organisasjonsutvikling. Han har også hatt ansvar innanfor økonomi, IT og implementering av forretningssystem. Han har også toppleiarerfaring og lang erfaring frå styrearbeid.

-Eg kjenner Marin Teknikk som eit lokaleigd og solid design- og engineeringselskap og eg gled med til å få høve til å vere med på selskapet si vidare satsing, seier Inge-Jonny Hide.

Vidare har Marin Teknikk ansett 2 nye Ingeniørar.

Ein skipsingeniør på stabilitetsavdelinga. Han er rekruttert gjennom Marin Teknikk sine kontor i Polen og er en med god erfaring frå den type arbeid. Han har flytta til Herøy og starta ved MT den 4. november.

Den andre er en maskin ingeniør som begynte på avdelinga for Maskin- og Rør-system den 1. november.

—————————————

Marin Teknikk, etablert 1981, er eit uavhengig skipsdesign-selskap med hovedkontor i Dragsund, Herøy kommune og to eigne selskap i Polen, med totalt omlag 55 ansatte. Selskapet leverer skipsdesign til nasjonale og internasjonale kunder har levert design for omlag 130 fartøy samt mange ombyggingar.

Bedrifta opplever aukande ordretilgang og har mange spennande prosjekter på gong. Marin Teknikk har ved fleire høve utvikla innovative skipsdesign med ny banebrytande teknologi og utstyrsløysingar som har sett ein ny standard i den maritime industrien, innan miljø med redusert utslepp, sikkerheit og gode praktiske løysingar.

Marin Teknikk leverer design til heile spekteret innanfor den maritime næringa og har aldri vore redd for å utfordre med nye design og løysingar, noko som har vist seg å verte veldig bra for dei som har satsa på fartøya.